Verda treng oss

Magne Grimstad jr.
345,-
Lagerstatus:
På lager
Leveringstid:
2-4 virkedagar
Frakt:
73,-
Velg antal

Boka kan kjøpast i dag og kan hentast/blir sendt i posten mot slutten av veke 42, 16., 17. eller 18. oktober.

Tvillingbror Åge og eg legg ned hammaren. Siste spiker i utescena er slått fast. Dei siste dagars harde arbeid har gitt resultat. Andreasgarden i den vakre bygda Flø, heilt vest i Ulstein kommune, er rigga for festival. No er vi klar til å ta imot artistar og festivalgjestar. Vi står og ser utover storhavet. Gardskona kjem ruslande mot oss og smiler. «Kvar har de livsmotet frå? Når ein så alvorleg sjukdom som kreft heng over begge to». Med glimt i auget svarar Åge: «Verda treng oss.». Åge er akkurat ferdig med cellegiftbehandling etter tjukktarmkreft. Eg har nettopp kome heim frå St. Olav og Trondheim for å fjerne kreft i blære og urinleiar.

Eg har vakse opp i ein familie med ni søsken. Sjølv om vi er mange, hadde familien vår fjernsyn. Vi var heller ikkje medlem i nokon sekt. Men vi er to barnekull. Pappa gifta seg for andre gong i 1971. Sju born i det første kullet, og to born i det andre kullet. Det har vore og er ein rikdom med mange søsken. Men vi har eit mørkt bakteppe. Mamma døyr av kreft i 1969. Den eldste broren vår døyr vel førti år seinare også av kreft. Då hadde vår morfar døydd av kreft i 1936. Historia var i ferd med å gjenta seg.

I 2005 får eg vite at også har arva ein genfeil. Eg er i rette alderen for at kreften kan oppstå. Kan hende eg blir unnataket – den som ikkje vert råka. Tre år etter slår kreften til. Den slår hardt! Brutalt! Seinare går det slag i slag. No har eg vore operert for heile seks ulike former for kreft. Eg må overvakast kontinuerleg og bli fylgt opp regelmessig for å få oppleve alderdomen.

«Verda treng oss» handlar om kreft, men først og fremst håper eg det er ei fortelling om livslyst. Aldri kjem denne dagen eller denne timen tilbake. Aldri. Eg må bruke dagen og tida eg har til å gi livet innhald og meining.

Ulsteinvik hausten 2024
Magne Grimstad jr.