Alfa Nor Regnskap er resultatet av fusjonen mellom dei to rekneskapsbyråa XO Rekneskap i Ørsta og Alfa Nor Regnskap i Nordfjordeid. Byrået er sett saman av 10 tilsette med kontor i Ørsta, Nordfjordeid og Selje.

For Alfa Nor Regnskap har vi utforma ny logo og visuell identitet, visittkort og nettstad, samt fotografert bilde av dei tilsette i lokala til bruk på nettsida. Logosymbolet til Alfa Nor Regnskap består av to former som dannar initialane A og N. Saman dannar desse eit symbol som både kan visualisere ein fjelltopp og eit linjediagram. Her kan ein trekke parallellar til vekst, det å nå nye høgder, og rekneskap. Hovudfargane, bringebærraud og turkis, bidreg til å gi designet eit friskt og moderne uttrykk, og skal syne at Alfa Nor Regnskap er eit moderne regnskapsbyrå som aktivt jobbar for å styrke sine kundar sine økonomiske resultat.
Vi takkar for hyggeleg oppdrag!
Den nye nettsida til Alfa Nor Regnskap kan du sjå her: alfanor.no