Leverandør av elektriske produkt og tenester

Hareid Group

Hareid Group vart grunnlagt i 1950 og har ei lang historie som leverandør av elektriske produkt og tenester. Gjennom åra har dei vokse både organisk og gjennom oppkjøp. I dag er dei 690 ansatte i Norge, Polen, Danmark og på Grønland. Konsernet består av 14 selskap.

oppgradering og redesign av nettside for hareid group av fantastiske osberget
Nettsider for Hareid Group.

Tida var moden for oppgradering av nettside for å reflektere det moderne konsernet. Målet var eit høgare fokus på tenestene dei tilbyr, og lettare navigasjon for kunden. Fantastiske Osberget har levert design og struktur. I samarbeid med fotograf Cecilie Hatløy er det også utarbeida ein ny bildebank for Hareid Group, samt videosnuttar for framsida.

Vi har utarbeida heilt nye ikonsett og modernisert designprofilen. I tillegg til ein dusare og rolegare blåfarge som hovudfarge er det lagt til ein cyanfarge – kombinasjonen av det solide og dynamiske representerer verdiane til Hareid Group. Store bilete, og ein kombinasjon av mykje luft og vekslande mørke og lyse felt gjer sida tiltalande å klikke seg igjennom.

www.hareidgroup.no

Gå til toppen