Kompetansebedrifter under ny paraply

Entec

Entec Group vart etablert i 2018 gjennom at selskapa Brimer AS og ServiTech AS samla seg i eit felles eigarselskap. Eigarane ønska og bygge ein større aktør innan dei marknadane selskapa har si kjerneverksemd, ha framtidsretta vekst med å knytte til seg fleire aktørar over tid og vere ei sterk kompetansebedrift.

Fantastiske Osberget fekk hjelpe til i prosessen med ulikt presentasjonsmateriale og bygginga av ny profil. I prosessen har vi utvikla ny logo, profilhandbok og profileringsmateriale. I tillegg laga vi ny nettside for Entec med klare fargar og design som spelar på vatn, samt miljø og teknologi slik som namnetrekket.

Designet over heile linja vart friskt og dynamisk, med bevegelse i uttrykket, noko som representerer Entec sin visjon og Entec i utvikling.

 

Entec.no

Fleire prosjekt

Gå til toppen