Casen om Vik Ørsta Marina, og korleis meistre den edle kunsten med å selje flytebrygger på internett.
av Fantastiske Osberget
23. februar, 2021
Med over 40 års erfaring i bransjen er Vik Ørsta Marina leverandøren som har levert flest båtplassar i Noreg, og er marknadsleiandepå flytebrygger, marinaanlegg og bølgedemparar. Under pandemien bestemte selskapet forå nytte digitale medium i større grad imarknadsføringa. Her kan du lese casen om korleis Fantastiske Osberget gjekk fram då vi tok Vik Ørsta Marina inn i dei digitale kanalane.
Gjennom vårt samarbeid med Fantastiske Osbergetfekk vi erfare kor raske og effektive resultat ein kan få ved å flytte marknadsførings-fokuset over på digitale flater og på sosiale medium.
Rune Holstad, Avdelingsleder Vik Ørsta Marina
Ein samkøyrd digital innsats
Innsatsen tok sikte på å dekkje dei mest grunnleggande og relevante kanalane på ein god, kostnadseffektiv måte. Strategien innebarå etablere seg i deisosiale media Facebook og Instagram, i tillegg til åoppnåeinkonkurransedyktigposisjon i søkemotorane til Google.
Høg brukaraktivitet og eksponering
Vi oppretta bedrifts-profilar for Vik Ørsta Marina på Facebook og Instagram. Saman med kunden utvikla vi kampanjar som raskt blei iverksett for å skape aktivitet i etableringsfasen. Kampanjane treftegodt, og det var jamn, høg interesse for innlegga som blei produsert.
Talet på brukarar som likte sida auka raskt, og vi utnytta framdrifta til å suppleremedannonsar. For å finne den beste utformingaav annonsane, gjennomførte vi A/B-testar. Desse testane gir innblikk i korleis forskjellige målgrupperresponderer på forskjellig innhald og uttrykk.Nårvi fann kva av desse som trefte hovudmålgruppa best, etablerte vi desse som mal for vidare annonsering.
Auka trafikk på nettsida og i søketreff
Den andre hovudgreina i arbeidet var å fåpå plass eit godt system for digital annonsering. Systemet som blei oppretta tok høgde for å inkludere fleire viktige punkt:
Søkeannonsar: annonsar i forbindelse med søk etter kunden sine produkt og tenester
Remarketing: slik annonsanetreff folk som allereie hadde vore inne på heimesida til kunden
Annonsevariantar: som dukkar opp på nettaviser og andre stadar enn nettsøk
Rapportering: analysere, forbetre og presentere effekten av annonsane
Kvalitet over kvantitet
Etter å stadfeste at annonsane dukka opp og fungerte som dei skulle, starta detaljarbeidet. Basert på analysar av annonsane og trafikken på nettsida, spissa vi inn annonsane for å luke ut dei treffa med høgst kundepotensiale.Vi utvikla nye annonsar som blei distribuert til folk somallereie hadde vorepå heimesida, men somogså oppfylte spesifikke kriterium for korleis dei nytta heimesida.
Etter grepet blei innført, kunne vi sjå ei auke i kvaliteten på trafikken inntil heimesida. Tidsbruken til dei nye besøkande var auka, og brukarane klikka også inn på fleire undersider enn tidlegare.I gjennomsnitt oppsøkte fleireav dei besøkande kontakt-sidene enn tidlegare, ogalt i alt viste trafikken til ei auka interesse for produkta som blei annonsert.
Vi takkar Vik Ørsta Marina for eit godt samarbeid og eit spennande oppdrag! 😊
Ønskjer du å finne ut meir om korleis digital marknadsføring kan hjelpe deg og di verksemd nå fleire kundar?