Synne har vore innom litt av kvart før ho landa på grafisk design – men har som regel haldt seg innanfor den kreative verda. Ho har svennebrev i gullsmedfaget, og har studert både historie og frontend-utvikling, før ho tok bachelor i grafisk design. Før ho blei ein del av Fantastiske Osberget har ho jobba som freelance UX-designar i eit tech-startup kalt Lørn Tech, og som in house-designar i eit smykkefirma kalla Vind Jewelry. Ho har også hatt eit internship hos Tank Design, og har jobba deltid som ferskvaremedarbeidar hos Jacobs på Majorstuen gjennom studietida. Dette seier ho har gitt ho ein del nerdete kunnskap om mat, og ho kan blant anna partere lam og filetere fisk som ein proff. No kan vi altså både tipse deg om marknadsføring, designtenester og mat – for eit fantastisk kompetanseløft!
På kort tid har Synne rukke å jobbe med mange ulike prosjekt hos oss. Alt frå årsrapport og presentasjonar til film og animasjon. Ho er særleg glad i å jobbe med visuelle identitetar, redaksjonelt design og webdesign og håpar på å få mykje av dette framover. På desse områda kjenner ho seg veldig trygg og elskar å kunne utfalde seg kreativt til glede for seg sjølv og kunden. Elles elskar ho å lære og akkurat no er fokuset på å løfte si ekspertise innan animasjon.
Design er viktig for ei kvar bedrift, men også i kvardagen seier Synne. Ho har stor tru på at vakkert design gjer verda til ein betre stad. Design og estetikk påverkar alle menneske, og det er viktig at ein tek sitt grafiske uttrykk på alvor. Design skal ikkje berre vere fint å sjå på, det handlar også om funksjonalitet og kommunikasjon. Eit stødig, strukturert og intuitivt design bygger opp merkevara og sikrar eit godt førsteinntrykk. Og gir du kundane ei god brukaroppleving vert du fort førstevalet!
Tilfeldige fakta
- Synne er veldig fasinert av verdensrommet!
- Synne er ikkje noko glad i varm drikke.
- Synne er ikkje eit dyremenneske, potensielt kan ho tolerere ein katt.
- Synne er veldig glad i kulturlivet, då særleg musikk og har deltatt på over 100 konsertar!
- Synne elskar planter, men er ikkje velsigna med grøne fingrar og er lei seg for å ha drept minst 20 planter i løpet av dei siste åra. Men ho nektar å gi seg og har difor tatt det opp som ein hobby.
- Synne tenderar til å verte hyperfokusert på ting, og føler ho har hatt millionar av hobbyar, akkurat no er det maling, teikning, puslespel, tv-seriar og musikk som er i forsetet.
- Synne elskar å reise og då helst til storbyar med mykje kultur og mange ting å gjere.
Fantastiske prosjekt Synne har jobba med dei siste åra
- Som UX-designar for Lørn Tech med hovudansvar for å sørge for ei god brukaroppleving og intuitivt design, utforma ho læringsplattformen Lørn University. Noko som blant anna innebar å utvikle nye designelement.
- For Vind Jewelery hadde ho hovudansvar for alt av grafisk design. Her jobba ho med vidareutvikling av profilen, og med å bygge merkevara, nettstaden, og ulike lookbooks, i tillegg til trykksaker.