Personvern – ditt ansvar

av Osberget
24. august, 2023

Alle norske verksemder må forholde seg til personvernregelverket – personvernforordninga (GDPR) og personopplysningslova. Ansvaret for å oppfylle regelverket ligg hos den enkelte bedrift/organisasjon.

Personvernforordninga tok til å gjelde i EU den 24. mai 2016, men det var først frå 25. mai 2018 at alle verksemder i EU måtte fylgje reglane og tilsynsmyndigheitene kunne handheve forordninga. For oss i Norge tok personvernforordningen til å gjelde først den 20. juli 2018. Forordninga er ytterligare blitt skjerpa.

Ivaretek personvernet

I dagens digitale samfunn og den teknologiske revolusjonen vi står midt oppi, er personopplysningsvernet heilt sentralt for å ivareta grunnleggande personvern, integritet og privatlivets fred. I den digitale tidsalderen vi er i, trer nemlig data fram som det definerande symbolet på vekst, fremskritt og makt. Og byggesteinane i dagens digitale økonomi er i stor grad personopplysningar.

Nødvendig «irritasjon»

Når du går inn på ei nettside og du får opp meldinga:  «Vi brukar informasjonskapslar for å forbetre nettlesaropplevinga di, vise personleg tilpassa annonser eller innhald, og analysere trafikken vår. Ved å klikke på «Godta alle», samtykker du til vår bruk av informasjonskapslar.», så er det for å ivareta personvernet. Og når du skal sende eit skjema frå ei nettsida, og du må huke av for «Eg godtek at Selskapsnamn kontaktar meg via oppgitt e-post», så er det for at du sjølv kan kontrollere kven du vil skal få dine opplysningar.

Vi hjelper deg

Fantastiske Osberget hjelper deg og ser til at dine nettsider oppfyller krava frå personvernforordninga.

Les meir om personverforordninga her.

Gå til toppen