Ny visuell profil for Filtra

Filtra

Filtra er ein erfaren leverandør av filter for luft- og vannbehandling, som leverar produkt og løysingar til private, akvakultur, industri og offentlege verksemder, nasjonalt og internasjonalt. Filtra har eit breidt produktsortiment og leverer innovative løysingar av høg kvalitet.

Vi har fått gleda av å bidra Filtra med ei visuell fornying, og har designa Filtra sin nye logo og visuelle identitet. Det nye logosymbolet symboliserar vatn eller luft som går inn i eit filter, og som kjem ut att på den andre sida ferdig filtrert. Bølgene står for vatn og luft i rørsle og endring. Dei to blåfargane i logoen står for frisk luft og reint vatn. 

For å komplimentere og tydeliggjere miljøelementet i Filtra sine produkt er også ein frisk, grøn farge ein viktig del av profilen. Dette vert synleggjort gjennom bilde av grøne blad, eller grøn som tilleggsfarge.

Vi takkar for hyggelig oppdrag og godt samarbeid, og ønsker Filtra lykke til med den nye logoen og profilen!

Vi er veldig stolte over det vi har fått til sammen – takk til «Fantastiske Osberget» for en vel gjennomført jobb og godt samarbeid.

Linn Jeanette Ringstad

HR Advisor/Inside Sales / Filtra
Gå til toppen