Norli Bokhandel driv med meir enn berre bøker. I det siste fokuserer dei meir og meir på brettspel ved å utvide sortimentet deira og informere kundane om nye, spennande spel.
Norli Bokhandel driv med meir enn berre bøker. I det siste fokuserer dei meir og meir på brettspel ved å utvide sortimentet deira og informere kundane om nye, spennande spel.
I vinter var vi så heldige å kome i kontakt med Norli Bokhandel som såg behovet for produksjon av korte presentasjonsvideoar for brettspel i sortimentet deira. Og sidan vi har vår eigen “in-house brettspel-geek” så var jo dette ein match made in heaven. Sidan då har vi produsert 8 korte presentasjonsvideoar for Norli som dei brukar på sine plattformer for å promotere deira ekspanderande spelsortiment. Men i tillegg var dette ei anledning for Glenn å endeleg sette i gang sin eigen YouTubekanal, ein draum han har hatt i over 10 år. Veldig kjekt for alle partar!
Du er virkelig det fødte spillanmelder - du har funnet et skikkelig bra konsept, og filmene sitter perfekt! Gleder meg til hver nye du lager :-)
Spela som er nye for oss testast gjennom før det vert skrive manus. Deretter vert det gjort opptak og redigering, og alt dette i eit og same heimekontor – også kalla stova til Glenn. Responsen på videoane er solid, med over 7000 og 8000 sjåarar på videoane som Norli har publisert så langt på Facebook.