Fem trendar for marknadsføring i 2021

marknadsføring og trendar i 2021 frå fantastiske osberget
av Stine Mari Johnsen
16. februar, 2021

Året 2020 blei sjølvsagt prega av pandemien, og dette har også påverka trendane innanfor marknadsføring. Vi ønskjer å kickstarte året ved å gi deg ei oppsummering av aktuelle trendar for 2021.

Kvardagen er kanskje endra, men vi er framleis menneske og har menneskelege behov. Kanskje har året vi har lagt bak oss, gitt deg som bedrift ein sjanse til å reflektere rundt merkevara di og kva ho står for? I slutten av 2020 var det tydeleg at det hadde danna seg eit trendbilete på bakgrunn av stengingar, sosial distansering og restriksjonar. Innanfor dette biletet kan vi definere fem hovudtrendar som også vil prege 2021 – og kanskje vare endå lenger.

 

1. Grøne mål

Forbrukarane har revurdert prioriteringane sine og forbruksvanane sine. Mange brukarundersøkingar som blei utførte i 2020, viste at forbrukarane blei meir bevisste på miljøet på grunn av pandemien, at det var meir sannsynleg enn tidlegare at dei ville velje miljøvennlege produkt, og at fleire og fleire meiner at miljøproblematikken er meir alvorleg enn nokosinne.

Merkevarer som tilbyr kundane sine produkt i tråd med verdiar som er knytte til miljø og gjenbruk, er dei nye vinnarane. Det har poppa opp ulike appar og produkt som mellom anna måler karbonavtrykket ditt eller avtrykket til produkta du nyttar. Mange merkevarer lønner miljøvennleg åtferd hos forbrukaren eller nyttar plattformene sine til å informere og drive opplæring om miljøproblematikk.

I Singapore har dei lansert appen Susgain, som gir deg poeng for resirkulering, som du igjen kan nytte til å gjere kjøp i tilknytte butikkar eller gi til ei god sak. Av norske døme kan vi nemne Fjong, som tilbyr utleige av klede og månadlege klesabonnement. Ei samling norske påverkarar gjer også suksess med konseptet Fæbrik, som lagar trendy mønster for folk som vil sy sine eigne klede.

Forbrukarane forventar at merkevarer skal leve opp til den nye standarden. Det er likevel ikkje vits i å skryte på seg meir enn ein har å vise til – ærlegdom og relevans er viktig. Såkalla grønvasking har blitt eit fy-ord i marknadsføring for det fenomenet at eit produkt eller selskap gir seg ut for å vere meir miljøvennleg enn det faktisk er.

Spør heller deg sjølv: Korleis kan mi bedrift tilpasse seg for å møte dei aukande krava frå forbrukarane? Kan eg nytte plattforma mi til å spreie den gode bodskapen på ein måte som er relevant for mitt produkt?

 

2. Shopstreaming

Direktestrøyming + shopping = ei omskriving av reglane for netthandel. I løpet av fjoråret såg vi ein markant auke i tida vi nyttar på nettet. Vi bruker ein merkbart større del av budsjettet vårt på netthandel, og forbrukarane svarer i undersøkingar at dei trur dette berre vil halde fram. Samtidig seier ein stor prosentdel at dei synest det er mindre tilfredsstillande å shoppe på nettet enn i ein fysisk butikk.

Marknaden snur raskt, og det tok ikkje lang tid før ulike merkevarer begynte å tilby kreative versjonar av netthandel. Mange kasta seg på moglegheitene med direktestraumar der dei ved hjelp av lågterskelteknologi kunne filme tilsette som presenterte produkt og samhandla med sjåarane i sanntid. Fleire tilbydde også shopping direkte. Dei av oss som er gamle nok til å hugse TV Shop, drog nok kjensel på dette formatet. Direktestrøyming kan erstatte det fysiske møtet ved at det opnar for at kunden kan stille spørsmål og få svar direkte. Ikkje minst er smarte løysingar med bruk av virtual reality, augumented reality og kunstig intelligens i vinden.

Kva med det sosiale aspektet ved shopping? Squadded er ei utviding i nettlesaren som lèt venner shoppe saman, dele ønskelister, spørje om råd og anbefalingar, og samhandle med andre brukarar på plattforma. Sosiale medium har etablert seg innanfor netthandel, og vi finn nettbutikkintegrasjonar hos både Facebook, TikTok og Instagram. Her er det også interessante moglegheiter for små og mellomstore bedrifter.

 

digitale trendar for marknadsføring

3. Det digitale møter det menneskelege

Kva møtestader erstattar så dei store fysiske samlingane når miljø og smittevern står høgt i kurs? Og ikkje minst: Korleis kan ein leggje til rette for at folk kan møtast på trygge og givande måtar? I andre kvartal i 2020 blei Zoom lasta ned meir enn 300 millionar gonger på verdsbasis. Digitale møte er den nye kvardagen – på godt og vondt. Gaming har blitt allemannseige, og virtuelle arrangement og messer har blitt den nye kvardagen. Samtidig melder folk om auka einsemd og utanforskap. 38 prosent av norske forbrukarar ønskjer å kople av frå smarttelefonen i kvardagen.

Nokre merkevarer nytta høvet til å skape nye møtestader for folk, gjerne i lokalsamfunnet. Norske døme på tenester som fekk ein eksplosjon i brukarar, er Finn og Nabohjelp. Der låg det til rette for å be om – og tilby – hjelp i ulike former. Svenske Say hej vil hjelpe dei som sit på heimekontor, til å få ei kjensle av kontorfellesskap og arbeidsmiljø.

Har du tenkt over kva kundane dine har til felles, og kan du i så fall tilby dei eit rom for å komme saman?

 

trendar for marknadsføring i 2021

4. Helse og velvære

Konsekvensane av eit stengt samfunn er endå ikkje klare, men mange spår bølgjer av utbrende arbeidstakarar.

Lengda på den gjennomsnittlege arbeidsdagen har auka, og det same har talet på møte og e-postar mellom kollegaer. Dette påverkar sjølvsagt den psykiske helsa. Sjølvrapportering om depresjon og angst viser tydeleg aukande tendensar.

Vi har blitt meir opptekne av å føle oss bra enn av å sjå bra ut. Folk er på jakt etter indre ro og lastar ned app etter app som skal gi ei kjensle av ro, pause eller zen. Forbrukaren vender seg med dette til bedriftene for å få hjelp.

Ikea i Dubai svarte med å tilby gåveboksar som inneheldt ingrediensar for ein heimeferie, med tema som «Teatime in Tokyo» eller «Sunrise in Cappadocia». Visit Iceland kom med eit humoristisk tilbod der du kan simulere at du slepp eit skrik av frustrasjon ut i den fredelege islandske naturen.

Tida er inne for å ta på seg empatibrillene. Ta deg tid til å forstå kva som stressar kundane dine, og sjå om det er noko du kan tilby for å lette presset.

 

marknadsføring og trendar for 2021

5. Mangfald, inkludering og rettar

Vi står alle i pandemien saman, men ulikskapane i samfunnet er minst like store som før. Ulike former for global aktivisme har prega mediebildet. Dette er mykje større enn ein trend innanfor marknadsføring, men ein kan ikkje summere opp aktuelle retningar innanfor kommunikasjon utan å nemne tematikken.

Inkludering og mangfald vil over tid bli eit konkurransefortrinn og ei drivkraft som kan gi auka innsikt, kreativitet og lønnsemd. Utfordringa til bedriftene blir å lære og få innsikt – å tore å stille spørsmål og bli kjend med utfordringane i samfunnet.

Døme på suksessar er DNB-kampanjen #huninvesterer, som har som mål å få fleire kvinner til å investere og sikre seg god pensjon. I 2019 lanserte Coca-Cola den første ramadankampanjen sin i Noreg, med vekt på å føre folk saman i glede. Kampanjen fekk medieoppslag i Noreg og utlandet og blei ein vinnar på sosiale medium.

Ta deg tid til å vurdere kor tilgjengeleg produktet ditt er – også med tanke på at befolkninga blir stadig eldre. Kan merkevara di oppmuntre til inkludering og global solidaritet, og slik fostre langsiktig engasjement?

Blei du inspirert av nokre av desse trendane? Oppmodinga vår er å tore å satse på forandring. Ver nysgjerrig, følg med i utviklinga i samfunnet, og bruk sjansen til å la merkevara di vekse.

 

Fantastiske Osberget er ein del av Markedsforeningen Oslo (www.mfo.no). Kjeldene for dette innlegget er MFO, Trendwatching og Mintel.

Gå til toppen