Kulturminneplan

Gloppen kommune

Gloppen har mange kulturminne som fortel om livet som har vore levd i generasjonar før dei som bur der i dag. Målet med kommunedelplanen for kulturminne er å løfte fram viktig historie, sikre forsvarleg forvaltning og vidareføre kulturarven til nye generasjonar.

Gloppen kommune kulturminneplan 2019
Gloppen kommune

Planen skal:

  • gjere politikarane bevisste på verdifulle kulturminne og hjelpe dei i prioriteringar som sikrar at kulturarven vert vidareført.
  • gjere det enklare for privatpersonar som sit på verdifulle kulturminne, å få fagleg støtte og hjelp til vedlikehald og vern.
  • vise kva som har prega kommunen si utvikling til dit den er i dag. Det å kjenne historia til folk som har levd før oss, skaper nysgjerrigheit, identitet og stoltheit blant innbyggjarane.
  • gje grunnlag for ei god formidling av kulturminna gjennom samarbeid med skular, bibliotek, reiselivsaktørar og frivillige lag og organisasjonar.

 

Planen kan lesast her: Kulturminneplan for Gloppen 2019-2029.

Kjekt når arbeidet vårt vert framsnakka på nettsidene til Fylkesarkivet i Vestlandet. Sjå her.

Det har vore ein glede å samarbeide med Osberget. Effektiv, ryddig og strukturert i alle leveransar. Faglig og god rådgjeving på den grafiske utforminga. Eg vil takke Osberget så mykje for det gode samarbeidet omkring grafisk utforming av kulturminneplan for Gloppen kommune.

Birte Fossheim

Rådgjevar Plan og utgreiing, Gloppen kommune

Planen er ein start på eit meir systematisk arbeid med kulturminne i kommunen. Håpet er at den vert lesen og teken i bruk, og at den vert til inspirasjon for å få fram fleire historier og kulturminne som ikkje har kome med i planen her. Kommunedelplanen skal jamleg reviderast, og planen sin handlingsdel skal rullerast kvart fjerde år.

 

Planen kan lesast her: Kulturminneplan for Gloppen 2019-2029.

Gloppen kommune kulturminneplan 2019
Gloppen kommune
mockups-design.com
mockups-design.com
mockups-design.com
mockups-design.com

Fleire prosjekt

Gå til toppen