Fotograf Olaf Storegjerde – mannen og verket

400,-
Lagerstatus:
På lager
Leveringstid:
2-4 virkedagar
Frakt:
Gratis
Velg antal

Boka inneheld historia om Olaf Storegjerde (1879-1958) og mange unike bilete frå samlinga hans. Her finn vi også no-bilde frå bygder på Sunnmøre, som syner utviklinga sidan Storegjerde si tid.

Fotograf Olaf Storegjerde hadde sitt virke på Søre Sunnmøre og i Nordfjord i ein periode på over 50 år. Mest aktiv var han frå kring 1910 til 1940.

Fotosamlinga etter han representerer eit stort og verdfullt fotohistoriske materiale over dette området. Samlinga omfattar over 7000 bilete med eit overveldande mangfald i motiv som dokumenterer nær sagt alle område i samfunnslivet. Mange av bileta representerer fotografiets tidlege historie i vår del av verda. Dei siste bileta er frå 1957 – då Storegjerde mellom anna har fotografert konfirmantkullet i Ulsteinvik.